Miljømøblar

Danerka
 
Danerka er eit dansk selskap som produserer kvalitetsmøblar i tidlaus design for hard bruk i konferanserom, kantiner, venteområde, foredragsrom, private heimar osv. Hjå Danerka trur dei på minimalisme, og deira mål er å utvikla møblar som er enkle, samstundes som dei kan tilby komfort til kroppen. Danerka ynskjer også å vera nyskapande i design, konsept og val av materiale, og å produsera tidlause høgkvalitetsmøblar med lang levetid og minimal påverknad på miljøet.
Ekdahls
 
Ekdahls er eit familieforetak som har som visjon om å produsera og levera svensk form og funksjon i lang tid framover. Som møbelsnekkarar har tre ein særleg plass i deira hjarte, noko som visar att i deira design. Møblane vert fyrst og fremst produsert i massivt tre, gjerne av bjørk, eik og furu. Ekdahls set høge krav til kvalitet, anten det gjeld eigen produksjon eller korleis dei vernar om miljøet.
FORA FORM
 
FORA FORM vart grunnlagt i 1929, og er ein av Skandinavias leiande leverandørar av stolar, sitjegrupper og bord til kontraktmarkedet. Forretningsideen er å laga møblar til stadar der menneske møtest. Det er i møte med andre menneske verdiar vert skapte. FORA FORM skal gjennom kompetanse og heilskaplege løysingar bidra til både sosiale og effektive møteplassar.
Fritz Hansen
 
Fritz Hansen er etablert i Danmark og har internasjonal anerkjennelse i det private så vel som det profesjonelle markedet. Friz Hansen leverer designarmøblar med eit sterkt fokus på livsstil.
Helland
 
Helland Møbler er ein av dei leiande produsentane av møblar til offenteleg mijlø i Noreg. Deira målsetjing er å skapa formsikker design, utvikla fleksible løysingar og halda høg kvalitet. Hjå Helland Møblar er dei overbeviste om at menneske ventar lettare, samarbeidar meir og oppnår bedre resultat i eit miljø som er både funksjonelt og designmessig tiltalande.
Kilroy Indbo
 
Kilroy Indbo A/S er ei verksemd som importerer tepper og møblar frå India, Kina og Indonesia og kan tilby eit breitt utval innanfor tepper i vevde og handknytta kvalitetar i både ull og andre kvalitetar. Teppene kan fåast i ulike storleikar og fargar, og er sjølvsagt ikkje produsert av born. Innanfor møblar tilbyr Kilroy Indbo spisebord, stolar, skinnstolar, sofabord og liknande.
Rybo
 
Rybo held til i Øystese og har ein visjon om å fokusera på design, kvalitet og funksjonalitet.
Scan Sørlie AS
 
Scan Sørlie AS er ei bedrift med lange tradisjonar innan tilverknad av møblar til det private og offentlege prosjektmarkedet. Med fagkompetanse og lang erfaring, kombinert med ei alltid søkande merksemd for ny design, gode funksjonsløysingar og kundetilpasning, er Scan Sørlie eit godt val som samarbeidspartnar. Scan Sørlie er «stor nok» til å yta topp service, men også «liten nok» til å ha kunden i fokus!

 

BØRVE INTERIØR AS | Tyssedalsvegen 10B, 5750 Odda | post@boerve.no | Webdesign: HildeN | © 2009